Åsekråna

Velkomen
Åse Sætre Bergset er fødd i 1955, og vaks opp i tettstaden Stryn i Nordfjord. Teikning, måling og musikk har alltid vore den store interessa. Gjennom åra har ho gått ein del kortvarige kurs, og prøvd seg både med porselensmåling, aquarelle og oljemåling m.m.

På 1990-talet starta ho med oljemåling på takstein av skifer. Dette gav meirsmak og har sidan vore hovudproduktet ved sida av måling på vanleg lerret.

Motiva er for det meste frå naturen - i ein naturalistisk stil. Steinhellene kan vere heile og ovale, eller mindre flisar, - med eller utan innramming. Heller med motiv, saman med tekst i kaligrafistisk stil, har vore etterspurt , til m.a. dørskilt.

Utstilling i Åsekråna
Åse bur med familie, gard og buskap like ved den populære turistvegen (Panoramavegen) mellom Stryn og Lote. På garden Bergset er det vesle eldhuset teke i bruk som galleri, der kunsten kan nytast medan kunstnaren serverar te/kaffi av ulike slag, - til lyd og varme frå sprakande eld på eldhusgrua, (gammal eldstad)