Åsekråna

Kunst og kaffi - måleri på steinheller og lerrett

Nos Sagedammen

Åse Sætre Bergset er busett med familie, gard og buskap på Bergset i Stryn kommune, der ho m.a. driv med kunstmåling på steinheller og lerrett.

Garden sitt vesle, men intime eldhus frå ca. 1900, blir no brukt som galleri og kaffistove. Galleriet er ope for besøk heile året, under namnet "Åsekråna".

Her kan du kike på kunsten medan du nyt ein kopp kaffi eller te ved eldhusgrua, (gammal eldstad), - og kjøpe med deg te eller nybrent kaffi av ulike slag.